:--ringheim.biz--:

Velkommen til ringheim.biz.

Kommentar

15. Mai 00:01

No har eg lagt til muligheter for å kommentere det eg skrive i bloggen her, så dersom du har noko på hjertet er det berre å komme med det.

Lagt til av Sjur

Sko

14. Mai 00:44

Dersom du leser bloggen tilJølle så lurer han på korleis sko havner i kanten av vegene rundtom i landet. Dette er fint forklart i ein kortfilm av Mark Gonzales som heiter "How they get there", denne kan du finne på dvden "The Work of Director Spike Jonze".

Lagt til av Sjur

Opera 7.50

14. Mai 00:01

No har Opera komt ut i versjon 7.50, har egentlig ikkje venta så mykje på denne versjonen sidan eg har vert ein ihuga fan av Mozilla Firefox, men etter att eg begynte å bruke Linux for nokre månader sidan har eg installert Opera og brukt det meir og meir.

Det gode med opera er jo att det er utvikla i Norge og att ein ved å bruke det støtter norsk sysselsetting, det har også fått ein fin layout etter i dei siste versjonane. Ellers så synest eg att dei begynner å bygge inn litt for mykje funksjonalitet når dei skal ha mail program, chatte program osv. i Opera. Dette er noko eg synest att er fint å ha i eigne program.

Lagt til av Sjur

Photoshop

12. Mai 23:49

Har begynt å leike meg litt i Adobe Photoshop igjen. Laga til nye ikoner på venstre sida av menyen, desse skifter også farge når du fører musepekeren over dei (fungerer ikkje i MS Internet Explorer enda, men dersom du laster ned Mozilla Firefox så skal det vises rett).

Har også laga nokon stygge knapper som er i gjesteboka (trykk på legg til ny), dersom du har nokon ideer om finere knappe design så tar eg gjerne imot forslag.

Lagt til av Sjur

Doom 3

11. Mai 18:09

Det ser ut som om Doom 3 skal komme på markedet til sommeren, dette kan Gamer.no melde.

Siden det er Id Software sin sjef som uttaler dette så ser det faktisk ut som om det kan vere sant og ikkje berre eit rykte slik som det som oftest er.

Gleder meg til dette kjem, sjølv om eg mest trulig må kjøpe meg nytt skjermkort og nytt hovedkort/cpu/ram for i det heile tatt ha muligheiten til å spele det på maskina mi...

Lagt til av Sjur

Tilbake -- Fram

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS!